Brukarkontakten, berre eit tastetrykk unna

Brukarkontakten Guttorm Hveem i aksjon. Her sit han på Øyatun skule og førebur eksamenshjelp til MIK-elevar.Brukarkontakten Guttorm Hveem i aksjon. Her sit han på Øyatun skule og førebur eksamenshjelp til elevar i medie- og informasjonskunnskap.

Du har kanskje også møtt nokon som flirer litt hånleg av ordet “delingskultur”.  Vel, dei kjenner ikkje Guttorm Hveem. Vi har prøvd å henge litt med i den digitale læringsrevolusjonen det siste tiåret. Når det buttar, får vi hjelp av Guttorm. Eller @ghveem som vi kjenner han som på sosiale medium. Ikkje noko spørsmål er for enkelt, ikkje noko for vanskeleg. Frå 2014 har dette orakelet frå Sunnhordland hatt jobben som brukarkontakt i NDLA.

Vi møter Guttorm i kontorfellesskapet hans hos Kvinnherad næringsservice, der han dagleg kommuniserer med NDLA-brukarar i heile landet, ja, i utlandet også. For to år sidan flytta familien frå Kirkenes til heimegarden på Halsnøy i Sunnhordland.

Frå PC til traktor. Teknologi og natur i skjønn og harmonisk blanding.

Lektor med odel; er det slått, så må alle hjelpe til. Mobilt kontor med firhjulstrekk og telefonen på frontruta.

Foto: Guttorm Hveemcba

– Brukarkontakt. Høyrest ut som alt og ingenting. Kva går jobben din ut på eigentleg?

– Eg følgjer med på all kommunikasjon om NDLA og læring på sosiale medium og svarer på spørsmål og tek imot innspel. Av og til må eg melde frå om feil og forslag til forbetringar til dei som er ansvarlege for produksjonen i NDLA; det kan vere redaktøren, den fagansvarlege eller ein teknikar. Eg følgjer opp diskusjonar på eigne nettsider og hos andre og tek imot ris og ros med same sinn, smiler Guttorm. Ei viktig oppgåve er å dele lærerikt innhald i ulike kanalar. Vi er aktive på Instagram, Google+, Twitter, Facebook, LinkedIn og på e-post. Mange elevar ynskjer hjelp med lekser og prøver, og vi hjelper så sant tida strekk til.

Her kan du følgje med på alle NDLA-kontoane på Facebook

– Kva slags spørsmål og kommentarar får du?

– Eg veit sjeldan korleis heile arbeidsdagen vert. Det kan dukke opp spørsmål om logikken i det periodiske systemet, om lover og reglar i sikkerheitsbransjen, og om kvifor det ikkje var vanleg med brudebukettar i Telemark på 1850-talet! Eg får tips til nytt innhald, tips til forbetringar og tilbakemelding om feil i fasit. Kort og godt kjem eg i kontakt med folk som bryr seg om godt fagleg innhald. Eg lyttar til lærarar som har kritiske innvendingar og tek dei på alvor. Det er mange som har vorte ivrige NDLA-brukarar etter ein dialog!

Det er kjekt å møte hyggelege folk på skulane. Her er Guttorm på Nordahl Grieg videregående skole og viser Anne Liblau nokre finessar på NDLA.

Det er kjekt å møte hyggjelege folk på skulane. Her er Guttorm på Nordahl Grieg videregående skole og viser Anne Liblau nokre finessar på NDLA.

Foto: Margreta Tveismecba

 

– NDLA har blitt veldig synlege på Facebook og Twitter.  Korleis brukar NDLA sosiale medium?

– Vi brukar dei til fleire ting. NDLA ynskjer å ha ein tett dialog med dei som brukar læringsressursane, både for å hjelpe om det trengst, men også for å lære meir om korleis innhaldet vert brukt. Det kan vere elevar, lærarar, skulebibliotekarar, føresette og andre. Samstundes ynskjer vi å tipse om aktuelt og nyttig fagstoff, og ikkje minst knyte fagstoffet til dagsaktuelle hendingar. Vi prøver også å vere ein aktiv del av lærarane sine personlege læringsnettverk gjennom å dele undervisingsopplegg og gi innspel til ulike debattar. NDLA har ei viktig rolle i utviklinga av slike personlege læringsnettverk, eller PLN, mellom lærarar i vidaregåande opplæring.

– Du er ein del av På nett-redaksjonen i NDLA, som arbeider med å auke kjennskapen til NDLA. Korleis samarbeider du med resten av redaksjonen?

– Vi har faste korte videomøte der vi gå gjennom kva dei ulike jobbar med, fordeler oppgåver og planlegg kva aktuelle saker som skal produserast. I tillegg vert det nesten dagleg økter med chatting, e-postar og videomøte. Eit par gonger i året møtest vi fysisk for å samarbeide med dei fagansvarlege. Dei er også knytte til teamet vårt.

Her er Guttorm på det eigentlege kontoret  sitt i Kirkenes, ein vakker vinterdag med siste rest av lys før mørketida.

Her er Guttorm på det eigentlege kontoret sitt i Kirkenes, ein vakker vinterdag med siste rest av lys før mørketida.

Foto: Guttorm Hveemcb

 

– Du er mykje brukt som kurshaldar i etter- og vidareutdanning for lærarar.  Kva nytte har du av denne bakgrunnen i arbeidet som brukarkontakt?

– Eg er allmennlærar i botn og har i tillegg ei mastergrad i IKT i læring og har jobba med IKT, læring og pedagogikk sidan eg byrja på utdanninga mi. Erfaringar frå IKT-pedagogisk arbeid på høgskule, i grunnskule og sist i vidaregåane gjer at eg ofte veit noko om korleis kvardagen er på skulane, og kva lærarar og elevar treng hjelp til for å kome vidare. Det kan vere små saker og store saker. Og eg trur verkeleg på deling som drivkraft i læring, både for lærar og elev. Eg har sjølv blogga sidan 2004, mest for å formulere eigne tankar slik at andre kan forbetre idéane. Gjennom kommentarar og innspel lærer eg og får inspirasjon.

Omtale i lokalavisa Grenda om Guttorm og andre kvinnherdingar på jakt etter den gode pedagogiske IKT-bruken. Frå NKUL 2014. Tekst og foto: Vidar Alfarnes

Omtale i lokalavisa Grenda om Guttorm og andre kvinnherdingar på jakt etter den gode pedagogiske IKT-bruken. Frå NKUL 2014. Tekst og foto: Vidar Alfarnes

Guttorm har master  i IKT i læring og understrekar stadig at IKT ikkje bør brukast i situasjonar der teknologien ikkje fører til læring. Vi spør han om å gi eit eksempel på ei god læringsøkt der IKT og NDLA-ressursar inngår.

– Teknologi-bruk er ikkje eit mål i seg sjølv. Ein pedagog som er digitalt kompetent, veit også noko om kva tid han eller ho med fordel kan velje bort teknologien. Eg brukar mykje dialog og undring når eg underviser, det gjeld å få i gang hjernen og tankane. Noko av det første ein kan gjere, er å lage eit digitalt tankekart saman med elevane som inngang til eit tema. Deretter kan ein t.d. gå vidare med ei interaktiv oppgåve for å finna ut kor mykje ein kan om temaet. Vidare vil eg gjerne at elevane produserer noko sjølve, dette kan baserast på bilete eller tekst dei finn på NDLA eller andre stader. Eg pleier å plukke ut ein del ressursar frå fleire nettstader som elevane kan og bør lese. Ein bør jo ha fleire kjelder å samanlikne med. Elevane kan gjerne få ulike roller i arbeidet om dei skal skrive argumentasjon saman, eller lage ein fagtekst, ein presentasjon eller berre spørsmål og svaralternativ til ein prøve. Desse rollene kan vere språkvaskar, konstruktiv kverulant, faktasjekkar, struktureringsansvarleg eller liknande. Med rollefordelinga klar så er det for nokre lettare å jobbe strukturert saman. Eg trur på å la elevane produsere noko sjølve, og det fører ofte til at dei må levere eller presentere noko for andre. Det treng ikkje nødvendigvis vere for læraren, ein kan t.d. lage ein film med gravemaskinar når ein eigentleg held på med adapsjon og eventyr i norskfaget. Dette kan ein dele med vener eller andre.

Guttorm viser elevprodusert video frå undervisningsopplegg ved Kirkenes videregående skole. Her er det brukt fagstoff frå NDLA norsk og NDLA medie- og informasjonskunnskap.

Sjå bakomfilmen: film om prosessen

 

Med engasjement i NDLA kan Guttorm arbeide alle stader der det er straum og Internett. Dermed kunne han flytte heim til til traktoren og det lune landskapet på Halsnøy. Alltid pålogga, kjennest det som, til glede for NDLA-brukarar over heile landet. – Kvar vil du helst vere, ved datamaskinen som hjelpar til elevar og lærarar over heile landet, eller i klasseromet?

– Det er nyttig å kunne veksle, for då har du den pedagogiske ryggsekken med deg når du skal gi råd og hjelp. Fleire burde, om dei har høve til det, skifte litt posisjon og utsiktspunkt. Eg er nok ikkje pålogga heile tida, sjølv om det kanskje kan sjå slik ut. Med fire ungar er ein nøydd til å prioritere og ha tid til å kople av.

Seier Guttorm, før han deler med oss den flotte reportasjen i lokalavisa om den aktive familien som flytta tilbake til  Kvinnherad.

Les nedanfor: «Det gode livet i Kvinnherad» i magasinet Kvinnheringen. 

 

 

Opphavs- og bruksrett
Brukarkontakten Guttorm Hveem i aksjon. Her sit han på Øyatun skule og førebur eksamenshjelp til MIK-elevar.
Arbeidsplassen til brukarkontakten
Guttorm Hveem