Kva hender i NDLA?
NDLA er i vinden som aldri før. Når dei norske forlaga bruker mange ressursar for å kjempe mot oss, betyr det at vi blir tekne på alvor i den norske læremiddelverda. Og det set vi pris på. Det betyr at det arbeidet vi har lagt ned ber frukter. Vi skaper læremiddel som fortener ein plass i skulen. Og planane våre framover viser at vi tek utfordringane med å skape gode digitale læremiddel på alvor.
I januar fekk nokre fylkeskommunar ansvaret for å utvikle digitale læremiddel i seks nye fag. Fag, fylke og ansvarleg redaktør er:
| Fag | Ansvarleg fylkeskommune | Redaktør |
| Historie fellesfag | Nordland fylkeskommune | Line Hansen |
| Biologi 1, programfag | Nord-Trøndelag fylkeskommune | Kristin Bøhle |
| Medie- og informasjonskunnskap, programfag | Vest-Agder fylkeskommune | Ragna Tørdal |
| Teknologi og forskningslære 1, programfag | Hordaland fylkeskommune | Rune Gamst Rolfsen |
| Markedsføring og ledelse, programfag | Akershus fylkeskommune | Live Marie Toft |
| Service og samferdsel | Møre og Romsdal fylkeskommune | Kyrre Romuld |
Utvikling av digitale læremiddel til Medie- og kommunikasjon, yrkesprogram, er lyst ut på anbod. Fristen for å levere anbod er sett til 11. mars 2010.
Hedmark fylkeskommune har ansvaret for å utarbeide rammeverk for utvikling framandspråk. Det arbeidet skal vere ferdig i slutten av juni. Deretter vil ansvaret for utviklinga av læremidla i det fagområdet bli lyst ut på anbod, eller tildelt ein fylkeskommune.
Alle desse faga vil vere på plass til skulestart 2010, enten som læremiddel som kan erstatte lærebok, eller som gode, digitale supplement.
Kva fag som vert oppretta i 2011 er enno ikkje bestemt. Det vil bli teke ei avgjersle om dette i løpet av hausten 2010. I den samanhengen tek vi gjerne i mot innspel både frå lærarar, skular og fylkeskommunar.
- Leonhard Vårdal's blog
- Logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
- Se utskriftsvennlig utgave

nike air max
Ive met some new people since then but it is tough sometimes! Anyway, many thanks for your post! Appreciate your sharing a very effective piece of writing.nike air max 90
air max 90 I just stumbled upon your blog and wanted to say that I have really enjoyed browsing your blog posts. In any case Ill be subscribing to your feed and I hope you write again soon!