Livskraftig fylkesnettverk

Liv Heidrun Heskestad til venstre saman med AU for fylkeskontaktnettverket: frå venstre Tore Wersland, Rogaland, Frode Kyrkjebø, Sør-Trøndelag og Anne Kristin Huse, Hedmark.Liv Heidrun Heskestad til venstre saman med arbeidsutvalet for fylkeskontaktnettverket: frå venstre Tore Wersland, Rogaland, Frode Kyrkjebø, Sør-Trøndelag, og Anne Kristin Huse, Hedmark.

Dei kjem frå nord og sør, aust og vest. Sola skin over eit glinsande og kvitt Mjøsa. Fylkeskontakter frå 18 fylkeskommunar har sett kvarandre stemne på Hamar og registrerer at våren er i anmarsj.

 Møte mellom nøkkelpersonar

Det er forventning i lufta når kollegaene møtest på tvers av fylke. Liv Heidrun Heskestad frå NDLA leiar samlinga for fylkeskontaktane med stø hand denne gongen også, slik ho har gjort sidan nettverket vart etablert i 2008.  I dette forumet får nøkkelpersonar for pedagogisk utviklingsarbeid møte sentrale aktørar i NDLA. Dei får høyre om siste nytt, kome med innspel, stille spørsmål og utveksle erfaringar. – Dette har blitt eit viktig uformelt nettverk også. Vi er kollegaer som har nøkkelroller når det gjeld IKT og læring i eige fylke, seier Helge Rabaas, fylkeskontakt i Oppland. Han har vore med sidan starten. – Fylkeskontaktnettverket har blitt eit nasjonalt møtepunkt, det einaste vi har på det pedagogiske IKT-området. Ikkje berre får vi god kjennskap til utviklinga av NDLA-ressursane, men vi kan spørje kollegaer om beslekta emne som PC-ordning, IKT-strategiar og digitale ordbøker. – NDLA har vore kjempeflinke til å lage ei positiv ramme rundt arrangementet. Vi gler oss til å møtast.

Full konsentrasjon når fylkeskontaktane møtest. Kjetil Bratheland frå Hordaland er midt på biletet i blått, til høgre for han er Helg e Rabaas frå Oppland i grått.

Full konsentrasjon når fylkeskontaktane møtest. Kjetil Brathetland frå Hordaland er midt på biletet i blått, til høgre for han er Helge Rabaas frå Oppland i grått.

Foto: Kirsti Slettevollcba

Impulskonferansen eit direkte resultat

Kristin Glæstad Vonheim er fylkeskontakt i Møre og Romsdal. Ho fortel at deira samarbeid med Sogn og Fjordane om Impulskonferansen  er eit resultat av at fylkeskontaktane møttest på NDLA-samling. – Vi har alltid mange innslag om NDLA på Impulskonferansen, gjerne tre parallelle sesjonar om ulike fag. Til neste konferanse har ho kapra Johannes Leiknes Nag frå NDLA Interaktiv til å ha kurs om det interaktive oppgåveverktøyet. Jada, ho har akkurat høyrt Johannes presentere det på samlinga på Hamar. – Vi blei også kjende med Buskerud og deira IKT-strategi på  ei samling; det var til god hjelp i arbeidet med vår eigen strategi. Pedagogisk IKT er framleis nybrottsarbeid, ein kan risikere å stå nokså åleine med dette fagfeltet i sin fylkeskommune, så vi treng å møte kollegaer i andre fylke. Heldigvis har NDLA gitt oss dette nettverket!

Nye utfordringar på IKT-området

Kjetil Brathetland, fylkeskontakt frå Hordaland, var med på å meisle ut nyskapningen NDLA i 2006. Han har jobba med digital skule i Hordaland heilt sidan 2002. Han synest også det er nyttig å kunne drøfte erfaringar på tvers av fylke. – Kjennskap til og medverknad på NDLA er ei sak. Utfordringane knytta til pedagogisk IKT endrar seg heile tida og må også adresserast.  Før var det PC-ordning, kompetanseutvikling og BYOD vi hadde behov for å diskutere. No treng vi for eksempel å dele erfaringane våre  med nettskular og nettpedagogikk.

For Kjetil går teknologi og pedagogikk hand i hand. Når teknologien utviklar seg, kan vi få til ein betre pedagogikk. Problemet er at vi gjerne heng fast i praksis knytta til gammal teknologi, åtvarar han. – Vi må ikkje miste fokuset på  den aktivt lærande elev og lærar. Difor er det viktig å setje av tid til pedagogiske diskusjonar i nettverket også. Å legge til rette for aktiv læring er heldigvis ein del av visjonen til NDLA, seier Kjetil.

– Det er eit stort potensiale i dette nettverket, skyt Sigrun Bergseth inn, fylkeskontakt i Buskerud, som ynskjer seg endå meir dialog. –  Medan fylkesutdanningssjefane jobbar på det strategiske nivået i eigen fylkeskommune,  jobbar vi mot det operasjonelle.  Vi er difor tett på kompetanseutvikling på skulane og har god kjennskap til behova for læremiddel i ulike fag. Vi kan bidra til at NDLA utviklar seg i ei retning som er mest mogleg til nytte for elevane og lærlingane våre.

Frå venstre Kristin Voeheim , Sigrun Bergseth  og Anne Kristin Huse er fylkeskontaktar i Møre og Romsdal, Buskerud og Hedmark.

Frå venstre Kristin Vonheim , Sigrun Bergseth og Anne Kristin Huse,  fylkeskontaktar i Møre og Romsdal, Buskerud og Hedmark.

Foto: Kirsti Slettevollcba

Stor variasjon i tiltak

Fylkeskommunane fremjar kjennskapet til NDLA-ressursane på ulike måtar, fortel fylkeskontaktane. I Hordaland har dei eit system med e-pedagogar og e-koordinatorar på skulane. Dessutan arrangerer dei den store konferansen Dei gode døma. Der har NDLA vore fast innslag. Andre fylkeskommunar bakar inn NDLA i vidareutdanningstiltak for lærarane eller i samlingar for fagnettverka. Koordinator Liv Heidrun Heskestad hugsar tilbake til den tida då fylkesnettverket vart brukt til å rekruttere såkalla NDLA-ambassadørar, som kunne presentere NDLA på skulane. – Fylkeskontaktane har brukt samlingane til å dele erfaringane med sine tiltak. Det har ført til mange gode initiativ i dei ulike fylkeskommunane.

Givande samarbeid

– Det har vore svært givande å bygge opp dette nettverket, og mange som er her i dag, har vore med heilt sidan starten. Det er mykje kompetanse her og mange hyggelege kollegaer, seier Liv-Heidrun. – Det tok litt tid å finne forma på nettverket, vi måtte prøve oss fram. Målet var å ha ein møtearena med representantar for eigarane, som var tettare på dei pedagogiske og tekniske utfordringane enn fylkesutdanningssjefane i styret.  Fylkeskontaktane kjenner behova betre, og kan ha ein fruktbar dialog med NDLA-miljøet.

Ved oppstarten av NDLA var Liv-Heidrun regionskoordinator for Region sør-vest, og ho deltok på alle møte saman med koordinatorar for Østlandssamarbeidet og Region nord. Dei delte på referatskriving og andre oppgåver heilt til Liv-Heidrun blei  innlemma i prosjektleiinga i 2007 og fekk der administrative oppgåver og sekretæransvar for styringsgruppemøta.  Ho såg behovet for eit forum for fylkeskontaktar då dei første faga vart publisert på ndla.no i 2008. Sidan 2011 har ho arrangert to samlingar for dei i året, ei dagssamling om hausten og ei todagars-samling om våren.

Programmet har vore tettpakka og variert, slik det er også i år på Hamar.
Sjå Program samling for fylkeskontaktene 10. – 11. mars 2015

Sidan 2013 har NDLA hatt eit arbeidsutval med tre fylkeskontakter  til å hjelpe seg med å lage programmet. – Dermed sikrar vi at programmet er slik at fylkeskontaktane verkeleg kan ha nytte av det. NDLA si rolle her er å lytte og knyte saman nøkkelpersonane.  Eg blir ekstra glad når eg ser det er liv i nettverket også utanom samlingane.

Fylkeskontakt i Akershus,  Ingunn Kjøl Wiig, i samtale med Trine Paulsen og Liv Heidrun Heskestad frå NDLA.

Fylkeskontakt i Akershus, Ingunn Kjøl Wiig, i samtale med Trine Merethe Paulsen og Liv Heidrun Heskestad frå NDLA.

Foto: Kirsti Slettevollcba

Stemningsskifte

 Liv Heidrun sin entusiasme er stor og smittar lett. Ho har vore med på å bygge opp forståinga av fylkeskontaktane si viktige rolle, også hos dei sjølve. – Det er rart å tenkje på kor store endringar som skjer i teknologisk utvikling og haldningar på så få år. I byrjinga kunne det vere fylkeskontaktar som uttrykte stor skepsis til NDLA, men på eitt tidspunkt snudde det. No verkar det som om NDLA trengst for å løyse mange fellesoppgåver. Men først og fremst øver dei press på oss for å få flest mogleg fag tilgjengelege på ndla.no snarast mogleg! avsluttar Liv Heidrun.

Så for alle heim til sitt frå Mjøsa med ny NDLA-vind  i segla.

Liv Heidrun Heskestad har vore koordinator for fylkeskontaktnettverket sidan 2008.

Liv Heidrun Heskestad har vore koordinator for fylkeskontaktnettverket sidan 2008.

Foto: Kirsti Slettevollcba
Opphavs- og bruksrett
Liv Heidrun Heskestad til venstre saman med AU for fylkeskontaktnettverket: frå venstre Tore Wersland, Rogaland, Frode Kyrkjebø, Sør-Trøndelag og Anne Kristin Huse, Hedmark.
AU fylkeskontaktene
Kirsti Slettevoll