NDLA lanserer delingsarena – ønskjer kontakt med TESTSKULAR

Til skulåret 2009 lanserer NDLA sin nye delingsarena. Vi har som mål å skape ein arena der lærar først, og seinare elevar, kan dele opplevingar, erfaringar og gylne stunder frå skulekvardagen.

Innhaldet på delingsarenaen er det brukarane sjølve som skal stå for. Det blir berre å logge seg på , fortrinnsvis med Feide, lage sin eigen profil, og så starte å legge inn stoff. Kva som helst kan bli lagt inn og delt med andre, alt frå undervisningsopplegg og bilete, til animasjonar og videoar frå stupekonkurransar, eller liknande.

Delingsarenaen skal lanserast til sommaren 2009. Frå januar og fram til lanseringstidspunktet skal vi gjennomføre ein  testperiode. Til det treng vi kontakt med skular og lærarar som vil vere med og teste ut funksjonane på arenaen. Vi ønskjer kontakt med lærarar frå alle fag og alle skular og skuleslag. Sjølv om kravet er Feide-pålogging, vil vi og sjå på andre påloggingsordningar.

I januar 2009 vil vi kalle dei som skal vere med på uttestinga inn til ei samling. Der vil vi gå gjennom funksjonane i delingsarenaen og gi opplæring i publisering. Vi ønskjer då å etablere samarbeidsgrupper som kan legge ut og få prøvd sine idear om utviklinga av fag og læring i norsk skule.

Lærarar, grupper av lærarar eller skular som kan tenkje seg å vere med på uttestinga av  den spennande nyvinninga som delingsarenaen kan bli, kan ta kontakt med NDLA ved prosjektleiar Øivind Høines (Oivind.Hoines@post.hfk.no ), utviklingsleiar Leonhard Vårdal (leon@ndla.no ) eller prosjektkoordinator Liv Heidrun Heskestad (Liv.Heidrun.Heskestad@rogfk.no).

Ta kontakt innan 18. desember 2008.