NDLA presenterte seg på «Dei gode døma»
Utdanningskonferansen «Dei gode døma» vart avvikla i Bergen 23. og 24. april 2009. NDLA var godt synleg på konferansen. Både gamle og nye fag vart presenert. Arrangørane hadde gitt NDLA ein sentral plass i dei ulike sesjonane, og det var svært mange lærarar frå Hordaland som fekk eit godt innblikk i NDLA sin fagportefølgje.
Arrangørane skal ellers ha ros for ein vellykka konferanse, der innleiarar med eit høgt fagleg nivå gav deltakarane godt fagleg påfyll for vidare arbeid i skulen. Også NDLA fekk positiv omtale både i kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell og utdanningsdirektør i Hordaland Svein Erik Fjeld sine innlegg.
NDLA seier vel blåst, og ønskjer arrangørane lykke til med planlegginga og gjennomføringa av neste års konferanse.
Leonhard Vårdal
Pedagogisk leiar, NDLA

Siste kommentarer
2 år 33 uker siden
2 år 33 uker siden
3 år 11 uker siden
3 år 11 uker siden
3 år 11 uker siden
3 år 14 uker siden
3 år 32 uker siden
3 år 32 uker siden
3 år 32 uker siden
3 år 37 uker siden