Norsk


Det er mange som arbeider med utviklinga av norsksidene i NDLA, men ein redaksjon på tre medlemmer tek dei grunnleggjande avgjerdene i prosjektet. Desse tre er Marion Federl, Arne Olav Nygard og Ragna Tørdal.

Marion Federl er fagredaktør for NDLA-norsk. Ho er cand.mag. med faga norsk og tysk og arbeider ved Thor Heyerdahl videregående skole i Larvik. I tillegg har ho lang erfaring frå produksjon av læremiddel for norskfaget for NKI Forlaget, og har vore med på å utvikle læremiddel for både yrkesførebuande og studieførebuande utdanningsprogram.

Fagredaktøren har det overordna økonomiske og faglege ansvaret for prosjektet. I tillegg følgjer ho særleg opp utviklinga av læremiddel til hovudområda munnlege, skriftlege og samansette tekstar i læreplanen.

Ragna Marie Tørdal er redaksjonsmedarbeidar med hovudansvar for dei språklege emna i læreplanen. Ho er norsklektor og avdelingsleiar ved Vennesla videregående skole, og har mellom anna hatt ansvaret for utvikling av digitale læringsressursar som Mediemøte (Aschehoug) og DialektXperten, ein nettressurs der brukarane er med på å produsere innhaldet.

Arne Olav Nygard er redaksjonsmedarbeidar og har hovudansvaret for å følgje opp utviklinga av digitale verktøy som norskredaksjonen har bestilt. Han er doktorgradsstipendiat i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger, og skriv om digital tekstkultur. Nygard har i fleire år arbeidd som norsklektor ved Forus vidaregåande skole. Han har òg bakgrunn frå reklamebransjen.

Dei andre i redaksjonen

Oddvar Engan, Vennesla videregående skole
Arbeidsområde:
o    Omsetjing til nynorsk
o    Litteratur- og kulturhistorie

Øivind Høie, Vennesla videregående skole
Arbeidsområde:
o    Produksjon av Flash-animasjonar
o    Litteratur- og kulturhistorie

Anne Ely Thorenfeldt, Thor Heyerdahl videregående skole
Arbeidsområde:
o    Publisering på nett
o    Litteratur (sakprosa og skjønnlitteratur)
o    Tilrettelegging for ulike elevgrupper

Cecilie Eftedal, Thor Heyerdahl videregående skole
Arbeidsområde:
o    Litteratur (sakprosa og skjønnlitteratur)
o    Publisering på nett

Enkeltoppdrag

Dyre Vaa, Thor Heyerdahl videregående skole
o    Omsetjing til nynorsk

Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus, Hartvig Nissen
videregående skole
o    Skrivemodul (skriving i prosess)
o    Skriftlege sjangrar (særleg artikkel, kåseri, novelle)

Eva Hanselmann
, Thor Heyerdahl videregående skole
o    Bildekomposisjon og -analyse

Ida Welhaven Heiberg, Greveskogen videregående skole
o    Korrektur, språkleg kvalitetssikring (bm)