Oppstart av nye fag 2010

Styret i NDLA har vedteke å opprette fagredaksjonar i nye fag frå 2010. Desse faga er:

  • Historie  Vg2 og Vg3/Påbygning
  • Biologi 1 - programfag
  • Medie- og informasjonskunnskap - programfag
  • Teknologi og forskningslære - programfag
  • Service og samferdsel - yrkesprogram Vg1
  • Markedsføring og ledelse 1 - programfag

Framandspråk og Medie og kommunikasjon blir utlyst spesielt.

I første omgang blir det oppretta miniredaksjonar. I løpet av mai 2010 vil det bli vurdert om desse skal utvidast til fulle fagredaksjonar.

NDLA vil så snart som mogeleg kome attende med nærare informasjon om søknadsprosedyrer og fristar.

Dei digitale læremidla i desse faga vil etter planen vere klare til skulestart 2011.