Pedagogisk plattform – open høyring

NDLA inviterer til open høyring omkring den pedagogiske plattforma til det interfylkeskommunale samarbeidet.

– Vi ynskjer å få innspel fra brukarar som kan vere nyttige, fortel Leonhard Vårdal. Han er pedagogisk leiar i NDLA og har ansvaret for arbeidet med organisasjonens pedagogiske grunnsyn.
– NDLA ynskjer å forankre produksjonen av læringsressursar i eit pedagogisk grunnsyn som gir gode føresetnader for læring i den digitale skulen, seier Vårdal. Her fylgjer invitasjonen:

Open høyring — Pedagogisk plattform for NDLA

Styret i NDLA handsama i mai 2016 “Pedagogisk plattform for NDLA”. Dokumentet er eit verdidokument som klargjer NDLA sine grunnleggande humanistiske verdiar og syn på læring. Denne verdi- og forståingsramma skal bidra til felles kraft og engasjement mot visjonen til NDLA – Bedre læring for alle gjennom aktiv deltagelse og refleksjon. Den pedagogiske plattforma skal vere ein grunnleggande del av kvalitetsarbeidet i NDLA.

Vedtak i styret 18. og 19. mai 2016:

  • Styret stiller seg bak utkast til Pedagogisk plattform;  visjon, prosess og innhold.
  • Endelig vedtak vil fattes etter at en åpen høring om Pedagogisk plattform er gjennomført.

I samsvar med vedtaket i NDLA sitt styre i mai 2016 inviterer vi no alle brukarar og andre interesserte med på ei open høyring om NDLA sin pedagogiske plattform.

Etter at høyringa er gjennomført tek vi sikte på at styret i NDLA handsamar den pedagogiske plattforma på nytt i desember 2016.

Fristen for å delta i høyringa er sett til: Fredag 4. november 2016

Høyringsinnspel kan de sende til:
Jan-Arve Overland, e-post: janarveoverland@ndla.no
eller
Leonhard Vårdal, e-post: leonvar@ndla.no

Bedre læring for alle gjennom aktiv deltakelse og refleksjon – Pedagogisk plattform for NDLA

NDLA inviterer med dette alle brukarar — elevar og lærarar, organisasjonar, fylkeskommunar, kommunar og andre interesserte til å kome med innspel på NDLA sin pedagogiske plattform.

Frå starten og fram til utgangen av 2015 har NDLA utvikla læringsressursar i nær 100 fag.  Dei ulike redaksjonane har hatt stor pedagogisk fridom i utviklinga av kvar enkel læringsressurs, noko som har vore positivt med tanke på at ulike pedagogiske syn fekk kome til orde, og ulike didaktiske vinklingar har fått plass.

Trass i at NDLA i denne perioden ikkje har hatt ei pedagogisk forankring i ei eiga plattform, har innhaldet i læringsressursane likevel fått ei tydeleg kjenneteikn på det NDLA står for: Høg fagleg, språkleg og pedagogisk kvalitet. I arbeidet i dei ulike redaksjonane har det og vakse fram ei bevisstgjering på at aktiv brukardeltaking, både i utforming av læremiddelet og i sjølve læringsarbeidet, fremmer god læring. Samtidig har det vakse fram ei erkjenning av at NDLA treng ei pedagogisk plattform som gir retning i utarbeidinga av læringsressursar.

Den pedagogiske plattforma var hausten 2015 gjennom ein lang prosess i NDLA sin organisasjon. Det var viktig å få med heile organisasjonen i utforminga av den pedagogiske plattforma. Vi er no trygge på at innhaldet er godt forankra i organisasjonen.

Når vi no inviterer brukarane og alle andre interesserte med i prosessen, er det i forvissing om at det vil kome gode innspel til innhaldet i plattforma, og at det kan vere med å forankre NDLA sitt pedagogiske grunnsyn hos brukarane våre.

Vedlegg:

Bedre læring for alle gjennom aktiv deltakelse og refleksjon – Pedagogisk plattform for NDLA

 

Opphavs- og bruksrett
portrettbilde-leonhard-2
NDLA