Vedtekter

 VEDTEKTER for det fylkeskommunale samarbeidet Nasjonal digital læringsarena – NDLA

§ 1 Namn

Samarbeidet om etablering av eit interfylkeskommunalt initiativ for å etablere fritt tilgjengelege læremiddel for alle fag i vidaregåande skule får namnet Nasjonal digital læringsarena, NDLA.

§2 Føremål

Føremål for samarbeidet er å leggje til rette for:

  • Fritt tilgjengelege digitale læremiddel, gratis for brukarane
  • Ei vidaregåande opplæring som er prega av samhandling og deling
  • Elevar og lærarar i aktivt og deltakande læringsarbeid
  • Fagmiljø og nettverk frå heile landet som drivkraft i utvikling av gode digitale læremiddel
  • Ein marknad som leverer innhald og tenester etter elevar og lærarar sine behov

Samarbeidet vert inngått mellom dei fylkeskommunane som til ei kvar tid har meldt seg inn i samarbeidet.

§ 3 Rettsleg status

NDLA skal vere eit interkommunalt samarbeid, IS, etter § 27 i kommunelova og med Hordaland fylkeskommune som kontorkommune for hovudkontor. Denne funksjonen kan og handsamast av andre om ein skulle bli einige om det. Ulike tenester kan leggjast til andre fylkeskommunar etter kvar den beste kompetanse for gjeldande teneste er. Deltakarane sitt ansvar er delt. Samarbeidet skal ikkje vere eit eige rettssubjekt og skal ikkje registrerast i Føretaksregisteret.

§ 4 Endring av vedtektene.

Endring av vedtektene krev tilslutning frå alle deltakarane etter forslag frå styret.

§ 5 Oppløysing, utmelding og oppseiing.

Opphøyr av samarbeidet kan berre skje gjennom fylkestingsvedtak. Fristar og

bestemmingar om opphøyr følgjer av § 27 i kommunelova. Kvar fylkeskommune kan med eitt års skriftleg melding seie frå seg deltaking i samarbeidet og krevje seg løyst frå dette.

§ 6 Organisatoriske høve.

Deltakarane betaler årleg inn midlar til drift av samarbeidet basert på eigen samarbeidsavtale mellom NDLA og den einskilde deltakar og i samsvar med vedtak i styret for samarbeidet. Grunnlaget for utrekning av driftstilskot skal baserast på ein fordelingsnøkkel som blir fastsett av styret.

Tilskotet skal årleg justerast i tråd med utrekna lønns- og prisauke i  årets statsbudsjett og det samla ambisjonsnivået styret er einige om.

§ 7 Samarbeidet sine organ.

Styre

Styret for samarbeidet er sett saman av ein frå kvar fylkeskommune, og i samsvar med vedtak i fylkestinget til kvar av samarbeidspartane.

Arbeidsutval

Styret set ned eit arbeidsutval på inntil 5 medlemmer og like mange varamedlemmer.

Dei tre opplæringsregionane; Opplæringsregion Nord, Opplæringsregion Sør-Vest og Østlandssamarbeidet, skal alle vere representert i arbeidsutvalet.

Medlemene har ei funksjonstid på 2 år. Funksjonstida kan prolongerast for å ivareta kompetansen til arbeidsutvalet.. Arbeidsutvalet konstituerer seg sjølv.

Dagleg leiing

Samarbeidet har ei dagleg leiing som har ansvar for den daglege drifta av samarbeidet. Leiar rapporterer til styret sitt arbeidsutval, og representerer dagleg leiing i dette.

§ 8 Styret sitt mynde

Forvaltning av samarbeidet høyrer inn under styret, som har ansvar for ei tilfredsstillande organisering av verksemda i samarbeidet. Styret skal sjå til at drifta av NDLA er i samsvar med føremålet for selskapet, selskapsavtalen, årsbudsjettet for selskapet  og andre vedtak og retningsliner fastsett av styret.

Budsjett og rekneskap skal inngå i deltakarane sitt totalbudsjett og rekneskap.

Styret kan ikkje ta avgjerder som i høve til kommunelova ligger til dei deltakande fylkeskommunane sjølve.

§ 9 Møte i arbeidsutvalet

Arbeidsutvalet får delegert sitt mynde frå styret og skal ivareta styret sine interesser i den daglege drifta mellom møta i styret. Arbeidsutvalet rapporterer til styret i styret sine møte om den daglege leiinga av samarbeidet.

Arbeidsutvalet sin leiar ser til at det vert ført protokoll frå møta i arbeidsutvalet. Protokollen skal vere tilgjengeleg for styret.

§10 Dagleg leiar

Samarbeidet skal ha ein dagleg leiar som er tilsett av styret etter tilråding frå arbeidsutvalet.

Dagleg leiar har ansvar for den daglege leiinga av selskapet og skal følgje dei retningslinene og pålegg som styret har gitt.

Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter selskapet sine vilkår er av uvanleg art eller av stor interesse. Slike saker kan den daglege leiaren berre avgjere når styret i kvar einskild sak har gitt dagleg leiar mynde til det, eller når ein ikkje kan vente på styret si avgjerd utan vesentleg ulempe for selskapet si verksemd. Styret skal i så fall underrettast om saka snarast mogeleg.

§ 11 Personvern og bruk av forvaltingslova/offentligheitslova

Styret skal sjå til at samarbeidet følgjer rutinar og sakshandsamingsreglar som er vanlege for å ivareta personvern for privatpersonar. Reglane i forvaltningslova / offentligheitslova skal gjelde for samarbeidet på same måte som for organ oppretta i høve til kommunelova.

§ 12 Låneopptak og garantistilling

Samarbeidet / styret kan ikkje ta opp lån eller stille garanti for forpliktingane til samarbeidet eller andre.

§13 Iverksetting

Vedtektene for NDLA og samarbeidet vert sett i verk frå dato for gyldig fylkestingvedtak.