ESA: Finansiering av NDLA er ikkje statsstøtte

I 2010 mottok ESA ei klage frå Forleggerforeningen som hevda at NDLA er ei kommersiell verksemd, og at finansieringa av NDLA dermed er ulovleg statsstøtte. I 2011 konkluderte ESA med at fylkeskommunane si finansiering av NDLA ikkje kan reknast som statsstøtte.

I 2012 vart dette vedtaket annullert av EFTA-domstolen, og ESA gjenopna saka i 2013. Etter ei nærmare undersøking av saka har ESA 26. juni 2014  komme til same konklusjon som i 2011. Produksjonen av læremidla i NDLA er ikkje kommersiell verksemd, og finansieringa fell difor utanfor EØS-reglane om statstøtte.

I pressemeldingen frå ESA heiter det:

«ESA mener imidlertid at dette ikke kan regnes som statsstøtte, slik begrepet er definert i EØS-avtalen, siden NDLA ikke er en kommersiell virksomhet. Utvikling av digitalt læremidler faller inn under definisjonen av offentlig utdanning, som er et offentlig ansvar. I tillegg er NDLA en integrert del av den offentlige forvaltningen og tilbyr tjenester gratis til norske skoleelever.»

Les meir i ESA si pressemelding her.

Vedtaket er av stor prinsipiell verdi for alle som jobbar med opne læremiddel (sjå OER). NDLA vart danna i 2007 for å tilby gratis CC-lisenserte læremidel for elevar i vidaregåande opplæring. Dei fleste forlaga ville at digitale læremiddel skulle finansierast etter ein betalingsvegg- eller eksemplarmodell, og dei såg på fritt tilgjengeleg CC-lisensert innhald på nett som ein  konkurransevridande trussel mot deira forretningsmodell.