NDLA er eit innovativt prosjekt som lagar opne læringsressurar for alle med Creative Commons-lisens, heiter det i juryen si grunngiving. Juryen legg vekt på NDLA sin samarbeidsmodell og moglegheitene for oppskalering som kan fremje nettbasert læring i heile Norden og dei baltiske landa. «The NDLA project’s strategy and soloutions can be scalable over the whole Nordic and Baltic region. This is a unique way to work together to promote online learning and ICT-supported flexible lifelong learning in the Nordic and Baltic region.»
– Denne merksemda er stor stas for alle som har jobba med NDLA, seier dagleg leiar i NDLA, Øivind Høines. – Det er ei verdesetjing av arbeidet til lærarar og leverandørar frå heile landet, som har jobba hardt for å få til eit så godt produkt. Opne læremiddel er i dag eit internasjonalt fenomen. Da vi starta med NDLA i 2006, var digitale læremiddel revolusjonerande. I dag er det ein sjølvsagt del av ein god heilskap.
Dette er ikkje første gongen NDLA får internasjonal merksemd. I 2011 vart NDLA nominert til den prestisjetunge europeiske EPSA-prisen. Da var det organiseringa i NDLA som ei distribuert verksemd, som vekte interesse. NDLA er eigd av 18 fylkeskommunar. Dei fleste medarbeidarane er fylkeskommunalt tilsette som er engasjerte av NDLA for kortare eller lengre tidsrom. NDLA har som visjon å utvikle opne, gode digitale læremiddel i alle fag i vidaregåande opplæring. NDLA legg til rette for at elevar og lærarar kan vere aktive og deltakande i læringsarbeidet.
Les meir om tildelinga av Boldic Award 2014 her.