NDLA på Online Educa Berlin 2014

– Denne typen konferansar tyder svært mykje for NDLA, seier dagleg leiar Øivind Høines på NDLA-standen på Online Educa. Sjølv var han på sin første Educa i 2004, altså tre år før NDLA-prosjektet vart etablert i 2007. Etter det har han og andre frå NDLA henta inspirasjon og kunnskap i Berlin så godt som kvart år. – Vi sponsar konferansen fordi vi ville betale litt igjen. Utan Educa og liknande konferansar hadde truleg NDLA ikkje vorte noko av. I år stiller vi med uvanleg mange deltakarar. Vi utviklar organisasjonen ved at vi lærer saman. Dei nye medarbeidarane som er med oss til Berlin, tilfører NDLA-laget ny kunnskap samstundes som dei lærer kva NDLA er.

Her er NDLA si pressemelding til Online Educa 2014.

Sponsinga var svært synleg i kaffepausen første konferansedag. Då fekk alle kaffi av koppen med NDLA-logoen, og kaffestanden proklamerte: «This coffeebreak is sponsored by NDLA.»

"This coffee break is sponsored by NDLA". NDLA-koppen i bruk på Online Educa.

NDLA-koppen i bruk i kaffipausen på Online Educa.

Øivind Høines deltok i paneldebatten om opne læringsressursar, der han inviterte til samarbeid over landegrensene. NDLA vart presentert som eit svært vellykka OER-initiativ som har lykkast i marknaden. «NDLA er ein nasjonal modell for å distribuere frie digitale læremiddel, som peikar mot framtida for oss andre», sa Gard Titlestad frå ICDE, International Council for Open and Distance Education (ICDE).

Rune Mathisen, leiar for På nett-redaksjonen og redaktør for NDLA-faget Teknikk og industriell produksjon, hadde ein eigen sesjon der han presenterte bruk av simuleringar i teknologifaget. Ivrige deltakarar fekk prøve simulering i praksis. – Simuleringar er av og til betre enn Real Life, smiler Rune. Du kan gjere dei når det passar for deg, dei er rimelege, og det blir mindre søl!

Les om samarbeidet mellom NDLA og PhET her!

Rune Mathisen klar til sesjon om simuleringer i teknologiundervisningen på Online Educa 2014

Rune Mathisen klar til sesjon om simuleringar i teknologiundervisninga på Online Educa 2014

Dei mange medarbeidarane frå NDLA skifta om å stå på stand i konferanseområdet, og melde om stor interesse.

Pressemelding frå NDLA til Online Educa 2014

Presentasjon av Øivind Høines i programmet

Presentasjon av Rune Mathisen i programmet