Ny læringsressurs om EU lansert

Sida vart lansert på 20-årsdagen for den siste folkeavrøystinga om EU, 28.11.1994. Ressursen skal gi oppdatert og nøytral informasjon om konsekvensane av samarbeidet  vi har med EU, seier statssekretær Ingvild Stub i Utanriksdepartementet. Det er Utanriksdepartementet som har finansiert arbeidet med ressursen.

Inga Berntsen Rudi  har hatt ansvar for prosjektet i NDLA.  Ho er også  fagredaktør for NDLA-faget i historie og har vore med i samfunnsfagredaksjonen. Ho fortel om eit svært fruktbart samarbeid med SIU og med andre institusjonar og organisasjonar. Ho er særleg stolt av dei interaktive læringsressursane.

NDLA er nøgde med å bli valde til samarbeidspart for slike nasjonale satsingar. NDLA har både det digitale og sosiale nettverket mot videregåande opplæring for effektiv distribusjon av informasjon.

Her kan du lese om lanseringa av læringsressursen på regjeringen. no

Her finn du læringsressursen om EU på ndla.no