NDLA har fått ny teknisk leiar

Frå Friprog til NDLA

Gundersen kjem frå stilling i Friprogsenteret, det nasjonale kompetansesenteret for fri programvare. Han har også erfaring frå arbeid i KS, Microsoft, Fornyingsdepartemenetet og Oslo kommune. Friprogsenteret si målsetting om å etablere ein kultur for deling, gjenbruk og samarbeid av IT-løysingar og digitalt innhald samsvarar  med NDLA sitt syn på deling og opne standardar..

Eg gleder meg veldig til å ta fatt på spennande og  lærerike oppgåver saman med dei flinke folka i NDLA, seier Gundersen. Gjennom arbeidet i Friprogsenteret har han  følgt NDLA over fleire år.  – Eg ser på NDLA som  eit av dei mest interessante digitale læremiddelprosjekta som finst, både nasjonalt og internasjonalt, seier han,

Flytting av teknisk plattform
Teknisk leiar skal dei komande månadene ha ansvar for flytting  av den tekniske plattforma frå  ITet i Bodø til Evry på Gjøvik. Fullt ansvar som teknisk leiar vil Gundersen ha frå skulestart hausten 2015.

Ny stilling
Stillinga som teknisk leiar er ei ny stilling i NDLA. Vedkomande vil ha ansvar for oppfølging av NDLA sine avtalar for drift, applikasjonsforvaltning og teknisk utviklingsplan. NDLA deltar i ei  rekke nettverk knytta til teknologi og læring, og teknisk leiar  skal også ha ansvar for utvikling av NDLA sine nasjonale og internasjonale partnerskap for opne standarder.

-NDLA sine  tenester har i dag stor trafikk frå elevar og lærarar i heile landet. Å sikre teknisk kvalitet for produksjon og bruk er ei kritisk, kompleks og krevjande oppgåve, seier Øivind Høines, dagleg leiar i NDLA. -Vi ser fram til å få Christer Gundersen med på laget.

Pressemelding på bokmål og nynorsk om ny teknisk leiar her!