Vi er på eit hotell på Gardermoen der Erik Westrum frå IKT-senteret møter eit 20-tals fagansvarlege i NDLA, som snart er i gang med å lage ressursar til iktplan.no. Einar Berg, fagansvarleg i naturfag, og Kristin Bøhle, fagansvarleg i biologi, er begge glade for initiativet og har alt eit par oppgåver klare. I august 2015 skal piloten med ressursar i digital kompetanse for fag i vidaregåande opplæring vere tilgjengeleg.
Opne ressursar for grunnskulen
Erik Westrum frå Senter for IKT i utdanningen er prosjektleiar for iktplan.no. Det byrja med Kunnskapsløftet og innføringa av den femte grunnleggande ferdigheit i 2006. Drammen kommune skulle skape Norges beste skole og ville vere spydspiss i satsing på digital kompetanse. Erik Westrum byrja arbeidet med å lage ei felles plattform for digital kompetanse for grunnskulen i Drammen. Det blei til iktplan.no. Drammen ville gjerne dele innhaldet med andre kommunar i landet, og i 2013 overtok IKT-senteret ansvaret for vidareutvikling av ressursane. I dag er plan og ressursar for grunnskulen frå 1. – 10. trinn ferdig utvikla, og no står vidaregåande for tur.
Vidaregåande skal med
NDLA har eit stort nettverk av fagpersonar på mange fagområde i vidaregåande opplæring. Dei har også ein del ferdige ressursar i faget Digital kompetanse. Difor har IKT-senteret og NDLA inngått eit samarbeid der fagmiljøet i NDLA hjelper IKT-senteret med å finne og lage gode ressursar som passar inn i iktplan.no. Dette er ei bestilling fra Kunnskapsdepartementet. I bestillingsbrev til IKT-senteret for 2015 blir senteret bedne om “å øke antallet kommuner som har implementert undervisningsoppleggene og kvalitetssikringsverktøyene som ligger i iktplan.no, og utvide iktplan.no til barnehager og VGS.” [callout type=”info” title=”Fakta om iktplan.no”]
- 1,4 millionar sidevisningar på 8 månader
- 220 kommunar har vedteke IKTplan.no
- Planlagt utviding:
Barnehage blir publisert i august 20115
Pilot for vidaregåande opplæring ferdig i august
Lærarutdanninga under utarbeiding[/callout]