Norske elevar i flytsona med Khan Academy

Spelar matte på fritida

Opplæringssekvensane på Khan Academy er ei blanding av videoar, oppgåver og testar. Systemet gir hjelp til å løyse oppgåvene, og det kjem forslag om nye for å kome vidare til neste nivå. – Vi opplever at elevane blir så oppslukte at dei gløymer å ta pause, fortel  Elisabet Romedal.
– Khan Academy nyttar mange metodar frå spelteknologien, så ein kan rett og slett bli litt hekta på matematikk. Når ein får til ei oppgåve, får ein lyst til å gjere ei ny.

Fritt tilgjengeleg for alle

Khan Academy er ein amerikansk ikkje-kommersiell nettstad som tilbyr opne og fritt tilgjengelege opplæringssekvensar, særleg er det mange i matematikk. – Vi nærmar oss visjonen vår om å skape ein gratis virtuell matematikkskule for alle. Vi er glade for å ha NDLA med på laget så vi kan publisere ei norsk side, seier Salman Khan, som har gitt namn til den kjende nettstaden.  For å få ei side på eit nytt språk, må ein først ha ei testside som må godkjennast  av Khan Academy. Ei norsk testside har vore på lufta sidan januar 2015 og er allereie besøkt av 10 000 brukarar.
I dag finst det ei fransk, spansk og portugisisk side.  Frå juni 2015  er også den norske sida tilgjengeleg.

Mogleg ved hjelp av NDLA

Det første omsetjingssarbeidet til norsk blei gjort av ein norsk student som såg verdien av Khan Academy for norske elevar. Talet på sekvenser på norsk har auka raskt det siste året. No er store mengder oppgåver oversette, videoar har fått norsk teksting, og mange har også norsk tale. Dette har vore mogleg sidan NDLA har engasjert seg i arbeidet.   – Samarbeidet med Khan Academy er ein stor gevinst for oss, seier Øivind Høines, dagleg leiar i NDLA. Arbeidet med å få fram opne læremiddel kan ikkje gjerast åleine. Noreg deltek her i ein global trend der deling av kunnskap betrar kvaliteten i utdanninga.

Dugnaden held fram

Frå neste skuleår blir omsetjingsarbeidet ein del av oppdateringa av matematikkfaga på NDLA.  Elisabet Romedal ynskjer seg fleire hjelparar til den store jobben som gjenstår. – No kan elevar og lærarar ta i bruk desse fantastiske ressursane som vi har gjort tilgjengelege. Det vonar vi motiverer lærarar til å bidra i dugnaden. Dette er byrjinga på ein stor læringsrevolusjon der datamaskinen gir elevane både læremiddelet, motivasjonen og den sårt tiltrengte hjelpelæreren.

Den norske versjonen av Khan finn du her.

Les meir om arbeidet med å lage ein norsk versjon av Khan Academy her

Kontakt prosjektleiar Elisabet Romedal

Elisabet Romedal er ansvarlig for at store deler av matematikkressursene på Khan Acdemy er oversatt til norsk

Elisabet Romedal er ansvarlig for at store deler av matematikkressursene på Khan Academy er oversatt til norsk

NDLA har fått ny teknisk leiar

Frå Friprog til NDLA

Gundersen kjem frå stilling i Friprogsenteret, det nasjonale kompetansesenteret for fri programvare. Han har også erfaring frå arbeid i KS, Microsoft, Fornyingsdepartemenetet og Oslo kommune. Friprogsenteret si målsetting om å etablere ein kultur for deling, gjenbruk og samarbeid av IT-løysingar og digitalt innhald samsvarar  med NDLA sitt syn på deling og opne standardar..

Eg gleder meg veldig til å ta fatt på spennande og  lærerike oppgåver saman med dei flinke folka i NDLA, seier Gundersen. Gjennom arbeidet i Friprogsenteret har han  følgt NDLA over fleire år.  – Eg ser på NDLA som  eit av dei mest interessante digitale læremiddelprosjekta som finst, både nasjonalt og internasjonalt, seier han,

Flytting av teknisk plattform
Teknisk leiar skal dei komande månadene ha ansvar for flytting  av den tekniske plattforma frå  ITet i Bodø til Evry på Gjøvik. Fullt ansvar som teknisk leiar vil Gundersen ha frå skulestart hausten 2015.

Ny stilling
Stillinga som teknisk leiar er ei ny stilling i NDLA. Vedkomande vil ha ansvar for oppfølging av NDLA sine avtalar for drift, applikasjonsforvaltning og teknisk utviklingsplan. NDLA deltar i ei  rekke nettverk knytta til teknologi og læring, og teknisk leiar  skal også ha ansvar for utvikling av NDLA sine nasjonale og internasjonale partnerskap for opne standarder.

-NDLA sine  tenester har i dag stor trafikk frå elevar og lærarar i heile landet. Å sikre teknisk kvalitet for produksjon og bruk er ei kritisk, kompleks og krevjande oppgåve, seier Øivind Høines, dagleg leiar i NDLA. -Vi ser fram til å få Christer Gundersen med på laget.

Pressemelding på bokmål og nynorsk om ny teknisk leiar her!

NDLA er vinner av Boldic Award 2014

Boldic Award 2014 ble i år tildelt NDLA!  Selve prisoverrekkelsen skjer på konferansen ”Lärande i förändring” i Stockholm 23 oktober. Prisen er på 500 EURO. Les mer om Boldic award på http://www.boldic.org.

Fleksibel utdanning Norges representant Petter Kjendlie takket for valget av vinner på Boldics konferanse i Riga 13. okt.

Prisen ble første gang delt ut i 2005 så dette er  niende gang prisen deles ut (ikke delt ut i 2012). Neste år deles prisen ut for tiende gang på FuNKon15 i november i Oslo.

I år vil vi markere prisen ved at NDLA vil presentere nyheter på FunKon14 som går av stabelen 10. og 11. november, dette ser vi fram til.