Cookies

Cookies og lovtekst

Den såkalla “cookie-paragrafen” trådde i kraft 1. juli 2013, og forpliktar NDLA til å informere besøkjande om bruken av informasjonskapslar (cookies) på sidene til NDLA. Paragrafen seier følgjande:

  • 2-7 b.Bruk av informasjonskapslar/cookies

Lagring av opplysingar i brukar sitt kommunikasjonsutstyr, eller å skaffe seg tilgjenge til slike, er ikkje tillate utan at brukaren er informert om kva for opplysingar som vert handsama, føremålet med behandlinga, og kven som handsamar opplysingane, og brukaren har samtykka til dette. Første punktum er ikkje til hinder for teknisk lagring av eller tilgjenge til opplysingar:

  1.     utelukkande for det føremål å overføre kommunikasjon i eit elektronisk kommunikasjonsnett
  2.     som er nødvendig for å levere ei informasjonssamfunnsteneste etter brukaren sin uttrykkjelege førespurnad.

Kva er cookies?

Cookies er ein standard teknologi som stort sett alle nettsider bruker i dag. Ein cookie er ei lita fil som ei webside oppretter på maskina di (om nettlesaren din tillèt det – noko han gjer som standard). Cookies kan innehalde forskjellig informasjon, men vert i hovudsak brukt til å lagre informasjon knytta til korleis du bruker websida og for å gi deg ei betre brukaroppleving.

Viss du til dømes logger inn på ndla.no, vert det laga ein cookie som indikerer at du er innlogga. Når du seinare kjem tilbake, hugsar nettlesaren at du er innlogga, og du treng ikkje å logge inn igjen. Informasjonskapslar har i regelen ei gitt levetid, så om du ikkje bruker sida på ei stund, vil cookien bli sletta frå nettlesaren.

Kva  godtek eg ved å bruke denne sida?

Du godtek at vi lagrar innsamla statistikk som kvar i verda du besøkjer frå, kva for nettlesar du bruker, kva for sider du besøkjer og andre teknisk interessante data om besøket ditt hos oss.

Informasjonen vi samlar vert brukt til å analysere trender, slik at vi kan forbetre nettsida for deg som besøkende. Dataene vi samlar vil ikkje kunne identifisere deg personleg.

Om du ikkje ønsker at vi skal samle desse dataa, så er det mogleg å slå av cookies i nettlesaren din. Våre sider (og mange andre sine) kan då slutte å verke optimalt.