
Ein stolt augneblink i NDLA-historia: NDLA har fått tusenvis av ungdommar til å rekne om kapp, og statsminister og skuleeigar følgjer med når dagleg leiar i NDLA, Øivind Høines, viser fram aktiviteten i Algebra Challenge. Frå venstre statsminister Erna Solberg, ordførar Stanley Wirak i Sola kommune, dagleg leiar i NDLA, Øivind Høines, og fylkesordførar Janne Johnsen, Rogaland fylkeskommune. Januar 2014.
På denne sida vil vi samle viktige minne frå NDLA si historie
Frå oppstarten i 2007
Hordaland fylkeskommune omtalar på si heimeside bakgrunnen for etableringa av prosjektet Nasjonal digital læreingsarena og den offisielle opninga ved statsminister Jens Stoltenberg 26.9. 2007.
Her kan du sjå opningstalen til Stolenberg
Magne Nesvik: Fra lønnsslipp til skaddeseddel, 11.3. 2010
Magne Nesvik var utdanningsdirektør i Rogaland fylkeskommune og styremedlem for NDLA ved oppstarten i 2006. Han heldt eit innlegg på Forleggerforeningen sitt seminar 11.03.10. Dei som var til stades, gløymer verken stemning eller innlegg. Nesvik gjer greie for bakgrunnen for fylkeskommunen si satsing på digitale læremiddel.
Les innlegget til Magne Nesvik her
NDLA nominert til EPSA-prisen i 2011
NDLA vart nominert til EPSA-prisen i 2011, og Hordaland fylkeskommune omtalar prisutdelinga på si heimeside. Både skuleeigar, styreleiar og NDLA-leiinga var med i delegasjonen.
Les innlegget om EPSA-prisen her
Arkiv eldre versjonar av ndla.no
NDLA tek vare på eldre versjonar av ndla.no. Du finn inngang til arkiverte versjonar av ndla.no nedst til venstre i botnteksten når du er inne på ndla.no: Hjelp/Om NDLA/Nyhetsbrev/Arkiv. Søk fungerer ikkje på eldre versjonar.