Norske elevar i flytsona med Khan Academy

Grunnleggaren av Khan Academy, Salman Khan, framfor den norsk versjonen.Grunnleggaren av Khan Academy, Salman Khan, framfor den norsk versjonen.

Den verdskjende nettstaden Khan Academy lanserer no ein norsk versjon av læringsressursane i matematikk. Dermed er adaptiv læring ein realitet for norske elevar. Elevane blir haldne i kontinuerleg læringsaktivitet på sitt personleg tilpassa nivå, fortel prosjektleiar Elisabet Romedal frå NDLA, Nasjonal digital læringsarena. Den amerikanske gründaren Salman Kahn er begeistra for ei norsk omsetjing.

Spelar matte på fritida

Opplæringssekvensane på Khan Academy er ei blanding av videoar, oppgåver og testar. Systemet gir hjelp til å løyse oppgåvene, og det kjem forslag om nye for å kome vidare til neste nivå. – Vi opplever at elevane blir så oppslukte at dei gløymer å ta pause, fortel  Elisabet Romedal.
– Khan Academy nyttar mange metodar frå spelteknologien, så ein kan rett og slett bli litt hekta på matematikk. Når ein får til ei oppgåve, får ein lyst til å gjere ei ny.

Fritt tilgjengeleg for alle

Khan Academy er ein amerikansk ikkje-kommersiell nettstad som tilbyr opne og fritt tilgjengelege opplæringssekvensar, særleg er det mange i matematikk. – Vi nærmar oss visjonen vår om å skape ein gratis virtuell matematikkskule for alle. Vi er glade for å ha NDLA med på laget så vi kan publisere ei norsk side, seier Salman Khan, som har gitt namn til den kjende nettstaden.  For å få ei side på eit nytt språk, må ein først ha ei testside som må godkjennast  av Khan Academy. Ei norsk testside har vore på lufta sidan januar 2015 og er allereie besøkt av 10 000 brukarar.
I dag finst det ei fransk, spansk og portugisisk side.  Frå juni 2015  er også den norske sida tilgjengeleg.

Mogleg ved hjelp av NDLA

Det første omsetjingssarbeidet til norsk blei gjort av ein norsk student som såg verdien av Khan Academy for norske elevar. Talet på sekvenser på norsk har auka raskt det siste året. No er store mengder oppgåver oversette, videoar har fått norsk teksting, og mange har også norsk tale. Dette har vore mogleg sidan NDLA har engasjert seg i arbeidet.   – Samarbeidet med Khan Academy er ein stor gevinst for oss, seier Øivind Høines, dagleg leiar i NDLA. Arbeidet med å få fram opne læremiddel kan ikkje gjerast åleine. Noreg deltek her i ein global trend der deling av kunnskap betrar kvaliteten i utdanninga.

Dugnaden held fram

Frå neste skuleår blir omsetjingsarbeidet ein del av oppdateringa av matematikkfaga på NDLA.  Elisabet Romedal ynskjer seg fleire hjelparar til den store jobben som gjenstår. – No kan elevar og lærarar ta i bruk desse fantastiske ressursane som vi har gjort tilgjengelege. Det vonar vi motiverer lærarar til å bidra i dugnaden. Dette er byrjinga på ein stor læringsrevolusjon der datamaskinen gir elevane både læremiddelet, motivasjonen og den sårt tiltrengte hjelpelæreren.

Den norske versjonen av Khan finn du her.

Les meir om arbeidet med å lage ein norsk versjon av Khan Academy her

Kontakt prosjektleiar Elisabet Romedal

Elisabet Romedal har hatt hovudansvaret for omsetjing av Khan Academy til norsk.

Elisabet Romedal har hatt hovudansvaret for omsetjing av Khan Academy til norsk.

Foto: Tom Knudsencba
Opphavs- og bruksrett
Grunnleggaren av Khan Academy, Salman Khan, framfor den norsk versjonen.
Salman Khan og norsk side
Khan Academy