Ofte stilte spørsmål

Stor interesse for NDLA sin stand på Yrkesmessa i Trondheim i 2014.

Stor interesse og mange spørsmål på NDLA sin stand på Yrkesmessa i Trondheim i 2014.

Foto: Rune Mathisencb

Fem mytar om NDLA og andre ofte stilte spørsmål


Øydelegg opne læremiddel og NDLA ein velfungerande marknad for læremiddel?

 

Læremiddelomgrepet og marknaden er i sterk endring, uavhengig av NDLA. Utviklinga globalt viser at distribusjons- og produksjonsbransjane endrar seg radikalt på grunn av ny teknologi og nye kommunikasjonsløysingar. Musikkbransjen er eit eksempel. Internett, iTunes og nye tenester endra distribusjon av musikk over natta. Plateselskapa spådde nedgangstider for bransjen, men i dag blomstrar marknaden, og det er kortare veg mellom produsent og konsument.Fylkeskommunane har forstått og teke desse utviklingstrendane på alvor. Gjennom NDLA får skulane fri tilgang til kvalitetssikra og oppdatert lærestoff og ein arena for deling, medverknad og samarbeid. Innhaldet blir lagt ut fritt fordi dette er betre for kunnskap og læring enn å setje grenser for bruken.


Er NDLA ei lærebok på nett?

 

NDLA er ei dynamisk læremiddelsamling. Innhaldet blir endra i takt med verkelegheita. Brukarmedverknad er berande for utvikling.NDLA har som eitt av måla sine å fremje delingskulturen i skulen. Utgangspunktet for alt arbeid med læremiddel i NDLA er elevar og lærarar i aktivt og deltakande læringsarbeid. Spørsmålet som alltid blir stilt er: «Kva er best for læring?» Norske lærarar har mykje å bidra med til fellesskapet. NDLA tilbyr opne gratis læremiddel. Elevar og andre står fritt til å utvikle innhaldet og til å dele resultatet med andre. NDLA har også ein del materiale som opphavspersonen har beskytta mot vidareutvikling. Dette er ofte innkjøpt materiale eller innhald som har høg kunstnarisk verdi. NDLA tilbyr å kome med råd slik at ressursane kan tilpassast endå betre til skulearbeidet. Det finst mange måtar å kome med innspel på. Alle fagsider har eigne lenker for slik tilbakemelding. Deling.ndla.no er ein delingsarena der alle kan laste opp eller lenke til ressursar og knyte desse til kompetansemål.


Er opne digitale læremiddel og NDLA i stid med konkurranselovgivinga?

 

Den offentelege satsinga på opne digitale læremiddel er klart innanfor lovpålagt mandat og blir rekna som eigenregi. Finansiering av NDLA er i tråd med EØS-avtalen sine statsstøttereglar. NDLA er eit interfylkeskommunalt samarbeid som utviklar og kjøper digitale læremiddel til bruk i vidaregåande opplæring på oppdrag fra 18 fylkeskommunar. Elevane får tilgang til  materialet gratis på NDLA-nettstaden. De største forlagene og enkelte bransjeorganisasjonar ønskjer at digitale læremiddel skal finansierast etter ein eksemplar- eller lisensmodell. Det vil seie at berre skular som abonnerer får tilgang til ressursane. Dei som tener mest pengar på denne modellen, ser derfor på gratis læremiddel på nett som ein konkurransevridande trussel mot forretningsmodellen deira.

Anbodskonkurransar for innhaldsutvikling i NDLA får lite tilbod frå dei eldste og største forlaga. Dette trass i at erfaringa dei har med lærebokproduksjon ville gitt dei eit stort fortrinn i konkurransen. Forleggerforeningen innklaga i 2010 den norske stat og NDLA for ulovleg statsstøtte. EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, har vedteke at norske styresmakter si finansiering av Nasjonal digital læringsarena (NDLA) ikkje er i konflikt med statsstøttereglane i EØS-avtalen. ESA meiner at dette ikkje kan reknast som statsstøtte. I tilbakemelding frå ESA heiter det at NDLA sitt arbeid for innkjøp, utvikling og distribusjon av digitale læremiddel fell inn under det lovgitte mandatet for offentleg utdanning. NDLA er i dag ein integrert del av den offentlige forvaltninga og tilbyr tenester gratis til norske skuleelevar.
Les ESA si pressemelding av 26.6. 2014 her.


Er NDLA ein monopolist?

 

NDLA er eit innkjøpssamarbeid mellom 18 fylkeskommunar.Opplæringslova § 3-1, 9. ledd: «Fylkeskommunene har fått ansvar for å holde elever i videregående opplæring med gratis læremidler. Videregående opplæring er et av fylkeskommunens kjerneområder, og ansvaret for å tilby gode og kvalitetssikrede læremidler er i denne sammenheng viktig.» (Stortingsvedtak i 2006)  NDLA har ein eigen innkjøpsstrategi som set rammer for alt innkjøpsarbeid i samarbeidet. Strategien er laga for å sikre at NDLA følgjer lov og forskrift om offentlege innkjøp. Vidare skal strategien sikre NDLA ein effektiv innkjøpsfunksjon og god økonomistyring. NDLA skal kjøpe tenester i marknaden som sikrar at elevar og lærarar i den vidaregåande opplæringa har fri og open tilgang til ressursar av rett kvalitet. Grad av openheit er ein kvalitet ved digitale læremiddel som NDLA skal vekte i konkurransar. Alt NDLA kjøper inn, ligg fritt tilgjengeleg på ndla.no. NDLA skal søke å gjere kjøp hos eit vidt spekter av leverandørar. Spesielt er dette viktig for å sikre eit mangfald av forteljarstemmer og perspektiv i læremidla. Heile marknaden blir invitert til samarbeid i kvar innkjøpsrunde og står heilt fritt til å kome med tilbod for å få gode avtalar for innhaldet sitt. Mange leverandørar og produksjonsmiljø over heile landet leverer mykje innhald til NDLA. NDLA brukar rundt 66 % av budsjettet i den opne marknaden. Alt innhald blir produsert i tett samarbeid med kommersielle aktørar.


Korleis arbeider NDLA med kvalitetssikring av læremidla?

 

Innhaldet på fagsidene blir kvalitetssikra i trygge kvalitetsrutiner, der fagredaksjon samarbeider med private selskap og universitets- og høgskolemiljø. Brukarmedverknad gir innspel til kontinuerleg forbetringLæremidla på NDLA er kjøpt i den opne marknaden og blir tilrettelagde av redaktører som gjerne har bakgrunn som med lærarar i vidaregåande opplæring. Dette er dyktige fagfolk, digitalt kompetente og med høg fagleg og pedagogisk kompetanse. Kvalitetssikring vidare skjer i samarbeid med private selskap og  universitets- og høgskulemiljø. Brukarane si tilbakemelding er den viktigste drivkraft for kontinuerleg forbetring. NDLA sitt utgangspunkt for alt arbeid med læremidla er elevar og lærarar i aktivt og deltakande læringsarbeid. Spørsmålet som alltid blir stilt er: «Kva er best for læring?» Ein grunnidé i NDLA er brukarmedverknda og deling. NDLA har som eitt av måla sine å fremje delingskulturen i skulen og bidra til å utvikle skulane som lærande organisasjonar. Dette blir realisert gjennom ei rekke tenester, t.d. deling.ndla.no, annotate.ndla.no, samskrive.ndla.no og feedback.ndla.no. NDLA er tilrettelagt for bruk av undervisningsform «flipped classroom» eller omvendt undervisning, der elevane ser e-forelesingar som førebuing til diskusjonar og arbeid med oppgåver på skulen. Innhald og oppgåver med ulik vanskegrad kan vere med på å gi både svake og sterke elevar tilpassa opplæring. Det er eit ynskje frå både lærarar og elevar  at NDLA skal satse vidare på utvikling av differensierte oppgåver.


Kvifor vart NDLA stifta?

 

I 2006 kom det ei endring i opplæringslova som gav elevar i vidaregåande opplæring rett til gratis læremiddel. Samstundes fekk fylkeskommunane ansvaret for å sørgje for at elevane fekk tilgang til både trykte og digitale læremiddel.  I opplæringslova §3.1 står: «Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr.» Utvalet av digitale læremiddel var minimalt i dei fleste fag. For å stimulere til utvikling av digitale læremiddel utlyste Kunnskapsdepartementet prosjektmiddel på 50 mill. kroner. I staden for å spreie seg på ulike prosjekt, bestemte 18 av 19 fylkeskommunar seg for å gå saman om å søkje om middel til å utvikle felles læremiddel gjennom NDLA. Prosjektet fekk tildelt 15 mill. av dei 50 mill. og vart etablert i 2007 for å utvikle læremiddel i naturfag og norsk. Nord-Trøndelag søkte om middel til eit eige prosjekt i helse- og sosialfag, som slutta seg til NDLA. Det første prosjektåret vart NDLA finansiert av departementet, men frå 2008 tok fylkeskommunane over ansvaret.


Kva er eit ope og fritt tilgjengeleg læremiddel?

 

NDLA er ein del av det nordiske OER-nettverket som lagar opne, fritt tilgjengelege læremiddel. OER står for Open Educational Resources og er ei internasjonal rørsle. Dei fleste læringsressursane i NDLA har Creative Commons-lisens av typen «del på like vilkår».  Ifølgje NDLA sin internasjonale strategi skal NDLA  «søke å bli en del av nettverk av liknende initiativ internasjonalt for derigjennom å øke globalt læringsutbytte». Med opne og fritt tilgjengelege læringsressursar kan elevane bruke, endre og omskape ressursen i læringsarbeidet sitt. Læremiddelet gir langt fleire inngangar til lærestoffet enn trykt tekst kan, t.d. gjennom simuleringar og e-førelesingar. Eleven kan høyre på læremidlet og få teksten forstørra. Dei kan også bruke ressursane når dei ikkje er elevar lenger. Foreldre, besteforeldre og andre som ønskjer å støtte eleven i læringsprosessen, har også tilgang. I ei digital tid er opne, fritt tilgjengelege ressursar til gagn for læring og samfunnsutvikling.


Kva kostar NDLA?

 

Produksjon og vedlikehald av alle læringsressursane på NDLA kostar i gjennomsnitt kr. 410 pr. elev i vidaregåande opplæring i dei 18 fylka som er med i samarbeidet om NDLA. Kvar fylkeskommune betaler 20% av dei statlege midla til læremiddel til NDLA. Dette er middel som er tildelt i høve til elevtalet i dei fylkeskommunale vidaregåande skulane. I 2013 hadde NDLA reduserte ressursar fordi Akershus melde seg ut av samarbeidet. Dei kom tilbake i 2014.


Kven kan få jobb i NDLA?

 

Ingen har fast stilling i NDLA. NDLA knyter til seg medarbeidarar for kortare eller lengre periodar frå relevante fagmiljø i fylkeskommunane, andre offentlege institusjonar og private verksemder.


Kvifor digitale læremiddel?

 

Digitale læremiddel i læring har mange fordelar som den trykte læreboka ikkje har. Digitale læremiddel kan oppdaterast, kan lesast opp, kan forstørrast og kan søkjast etter. Det inneheld  ulike medium og aktivitetar, til dømes instruksjonsvideoar, e-førelesingar, simuleringar, bilete, musikk osv. Dersom læremiddelet er ope og fritt tilgjengeleg, kan det endrast og inngå i elevarbeid. Læraren kan også endre det. Slik kan digitale læremiddel gjere det lettare å få til ei tilpassa og variert opplæring.


Kvifor samarbeider NDLA med WorldSkills Norway?

 

NDLA samarbeider med WorldSkills Norway for å heve statusen til, interessa for og kvaliteten på norsk fag- og yrkesopplæring. Vårt bidrag er gode læremiddel som legg til rette for solid fagkompetanse, kvalitetsmessig utføring av arbeidet og yrkesstoltheit.


Kva internasjonale prisar har NDLA fått?

 

NDLA har vorte nominert til to internasjonale prisar og vunne ein av dei.
I 2014 vann NDLA Boldic Award 2014, eit samarbeid mellom nordiske og baltiske land om fleksibel nettbasert opplæring. I 2011 vart NDLA nominert til den prestisjetunge European Public Service Award for sin vellykka organisasjonsmodell. Her er omtale av prisane på engelsk