NDLA er medarrangør i Algebra Challenge

Denne veka løyste norske elevar meir enn 7 700 000 likningar, 36 100 elevar deltok. Til slutt gjekk ei klasse ved Mailand videregående skole i Akershus av med sigeren. Her løyste dei i gjennomsnitt 4219 likningar pr. elev!

NDLA er stolt medarrangør saman med Center for Game Science, University of Washington, og We Want to Know. WWTK er eit spelselskap basert i Noreg og Frankrike som m.a. har utvikla spelet Dragonbox.

Les meir om opplegget på  heimesida til Algebra Challenge Norge.

Les pressemeldinga frå invitasjonen til konkurransen.

Også statsminister Erna Solberg viste interesse for massemønstringa. Dagleg leiar i NDLA, Øivind Høines, kan vise fram resultatet til alle som er til stades under markeringa på Sandnes videregående skole, til dømes statsminister Solberg, Stanley Wirak, ordførar i Sandnes, og Janne Johansen, fylkesordførar i Rogaland.